Lyngshestentusiastar på 15-20 år, sjå hit!


Brenn du for rasen, og kunne tenkje deg å bidra til å forme framtida til lyngshesten?

Landslaget for lyngshest/nordlandshest ønskjer å etablere eit eige ungdomsråd/utval med tre faste medlemar og to vara. Dette utvalet vil gje råd og vere Landslaget sin samarbeidspartner i dei sakene dei vel å arbeide med. Utvalet blir skipa på årsmøte.
Høyrest dette interessant ut, eller veit du om nokon som hadde passa? Ta kontakt med landslaget@nsnl.no