Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest sendte i dag ut denne pressemeldinga:

 

- Svært gledeleg at Regjeringa sikrar bevaringsarbeidet for fjordhest og nordlandshest/lyngshest, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum og dagleg leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, Linda Nordgård Holmebukt. For fyrste gong på mange år vart det ikkje kutt i framlegg til statsbudsjett.

I 2015 vart det gjort eit løft  for dei regionale hestesentra, men åra etter har dette vore kutta i framlegg til statsbudsjett.

- Vi har i fleire år måtta arbeidd for å få desse pengane på plass i stortingshandsaminga, og er svært glade for at Regjeringa har tatt dette med i framlegg til statsbudsjett, seier leiarane for Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest. Dei ser resultat av det langsiktige bevaringsarbeidet, og gler ser over optimisme i hestemiljøet.

Sentra si rolle er å gjennom rådgjeving, kompetanseheving til oppdrettarar og brukarar og å styrke raselaga å gjere det lettare å velje dei norske hestane. I tillegg brukar dei nasjonale raser i sine aktivitetar. I utkast til statsbudsjett for 2019 er det føreslått 4 947 000 kroner fordelt på dei to sentra.

 

Satsar på unghest

Dei nasjonale hesterasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/ lyngshest er framleis trua, men trenden er svært positiv. Bedekningstala for 2018 vert klare i løpet av kort tid, men allereie no ser ein ei positiv utvikling og den negative trenden ein hadde for nokre år sidan er snudd. 

-  Vi ser at det er marknad for dei nasjonale rasane, men kjøparane vil ha ferdig utdanna hestar, seier dagleg leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, Linda Nordgård Holmebukt. 

Norsk Fjordhestsenter har hatt eit forprosjekt på kvalitetssikra utdanning av unghest, og dette vert vidareført ved begge sentera.

Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest i same periode hatt ungheststasjon for unge hingstar. Dette er eit ledd i arbeidet med utdanning av unghestar og mål om at fleire hingstar skal møte til kåring som 3-åringar.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar på arbeidet som vert gjort med unghingstane. For sosialiseringa er det viktig at dei får stå i flokk og det bidreg til harmoniske hestar i ulike samanhengar. Dette tiltaket skal også bidra til at oppdrettarane får frigjort plass i stallen til vidare avl, seier Nordgård Holmebukt.

 

Sender sæd over heile landet

Ved Norsk Fjordhestsenter er det i tillegg semin- og avlstasjon.

-  I tillegg til dei hoppene som kjem hit sender vi sæd over heile landet slik at hoppeeigarane som ikkje har tilgang på hingst kan få bedekt hoppene sine, seier Hjertenes Flyum. I 2018 var det 37 bedekningar ved stasjonen.