Referat styremøte i Alslaget

Dato: 13.01.2021

Til stede på Skype: Katrine, Gunn, Kim, Silje, Inger Sofie, Adeline

Fraværende: Sigrid

 

Saksliste:

  1. Godkjenning av referat og oppfølging av saker:
    1. Klede med logo: vestar og t-skjorter blei bestilt til hoppeutstillinga, men vi er ikkje komne lenger med jakkar. Jansen sine var dyre. Landslaget får 40% rabatt hos Becken og Strøm, sjekke katalogen deira på nettsida. Finne ut kva for jakkar vi vil ha (softshell, fleece, lang jakke....). Ta forhandsbestilling, sånn at vi ikkje sit igjen med dyre, uselde jakkar.  
  2.  Årsmøte
    Årsmøtet må finne stad før utgangen av februar og innkalling skal sendast seinast fire veker før årsmøte. Innmelde saker må vere styret i hende to veker før årsmøtet. I år bør vi av smittevernomsyn ha påmelding (med frist). Adeline sjekkar om vi kan ha årsmøte på Vollan Gjestestue 27. februar. Styremøte kl. 11:30, så årsmøte frå kl. 13. Prøve å ha eit fagleg innslag i forkant av årsmøtet, t.d. eit seminar om fôring. Inger Sofie snakkar med fôringseksperten som jobbar på Felleskjøpet. Faste saker å ta opp på årsmøte: kontingent (vi foreslår at han står uendra sidan han blei auka i fjor), rekneskap og budsjett, årsmelding og val. Moglegheit for medlemsmøte etter årsmøte. Sak til årsmøte: aktivitetsplan med datoar for utstillingar, kurs osv.
  3. FU-kurs: Ingvild S Eggen ønskjer å søkje FU om å ha tre helgekurs og ei køyreveke på Eggen gard i 2021. Ho får søkje gjennom Alslaget, og må stå sjølv for planlegging av desse kursa sjølv, og må også lage og sende rapport etter kursa i god tid sånn at ho får utbetalt tilskottet frå FU. Ho får hjelp av Alslaget med å leggje ut informasjon om kursa og reklamere for dei på Facebook.
  4. Eventuelt
    1. Hoppeutstilling 2021: vi har søkt om å få arrangere hoppeutstilling på NSNL anten siste helg i august, eller ei av dei to første helgene i september. Nordreisa rideklubb har søkt om å arrangere hoppeutstilling 28. august. Vi let søknaden vår stå.
    2. Behov for å leige ein hingst utanfrå til sommaren? Høyre med hoppeeigarane i Troms og Finnmark om dei vurderer å bedekke i år innan 13. februar og sjekke slektskap opp mot dei tilgjengelege hingstane i nord. Inger Sofie høyrer med Turid om ho har ei oversikt over kva for tilgjengelege hingstar som er i Troms og Finnmark.