Referat styremøte i Alslaget

Dato: 31. mars 2021

Til stede på Teams: Adeline, Ingvild, Inger Sofie, Helga, Silje

Fraværende: Katrine (meldt forfall), Aud Elisabeth

 

Saksliste:

  1. Hingsteutstilling: Ikkje publikum, og inkje behov for speaker. Om vi får ansvar for kafé: éin dag med servering, delvis sjølvbetjent kafé. Helga kan vere kafévakt, kan ordne med grill. Adeline kan bake. Høyre med Sigrid om vi skal ha kafé. Silje kan filme. Høyre med senteret om det er greitt. Fare for at utstillinga blir digital.
  2. Logo: logoen vi bruker er feil. Årsmøtevedtak frå 3-4 år sida om at vi skal lage ny logo. Høyre med Sigrid om ho har dette. Ha 2-3 alternativ til logo å stemme over på neste årsmøte. Inger Sofie tar kontakt med Marlene, som teikna fleire alternativ for nokre år sidan.
    Reklame Nye Troms: be Geir om å flytte logoen øvst til venstre, teksten om NM ved sidan av, så «lykken er ein lyngshest» i midten.
  3. Eventuelt:
    1. Presentere alle hingstane som skal på utstilling. Eitt bilde per hest. Tidsfrist: 9. april for å sende bilde og tekst til oss. Høyre med Sigrid om Adeline kan få alle e-postadressene til hingsteeigarane. Bruke malen til hingstekatalogen og seie litt om avstamming, tidlegare bedømmingar osv.
    2. Lage arrangement til NM så folk veit om det. Lage ei gruppe for dette. Adeline må ha hovudoversikt.
    3. Digitalt kiosksal: vippse pengar for å støtte når ein ikkje kan komme på arrangement. Valfritt beløp. Opne for det onsdagen før utstillinga. Ta med prisliste som forslag. Ingvild ordnar.
    4. Den nye handlingsplanen må vi diskutere på neste styremøte. Sende lenkje til utkastet til han til medlemmane på mail/leggje ut på FB-sida. Frist for å sende høyringsutsegner 10. mai. Medlemmane kan sende forslaga sine til oss, eller sende tilbakemelding direkte, frist 3. mai. Styremøte 4. mai.